Ei STOR nyheit for SKULEN!

Her får du alt du treng på éin stad. Vi har gjort det enklare å skape gode læringsopplevingar og hjelper både deg og elevane med å ta i bruk kunstig intelligens på ein trygg og ansvarleg måte.

Prøv Learnlab no

Den 30. april blir Learnlab 3.0 lansert! 

Alle verktøya våre er enkle å bruke.

Kan du eitt, kan du alle. Med Learnlab får du løyst alle læringsbehov samla på éin stad. I tillegg til kjende verktøy får du innhaldet du treng og hjelp til å gi objektive tilbakemeldingar og rettferdige vurderingar.

Både du og elevane vil oppleve betre flyt i undervisninga, der du framleis kan bruke bøker og eigne opplegg, i tillegg til det vi tilbyr. Learnlab gjer det enklare for deg å aktivere alle i undervisninga – også dei som er minoritetsspråklege eller treng andre tilpassingar.

Ved å samle alt på éin stad får du betre læring og sparer både tid og pengar. Vi står klare til å hjelpe deg i gang!

Dette får du:

  • Ei heilskapleg plattform der planlegging, gjennomføring og vurdering heng tett saman
  • Verktøy som er enkle å bruke og som er bygde på same måte
  • God flyt mellom verktøya – mindre oppleving av hopping mellom verktøy
  • Trygg og pedagogisk bruk av kunstig intelligens
  • Innsikt i deltaking, progresjon og vurderingsgrunnlag
  • Ei tryggare digital oppleving, der GDPR, sikker innlogging og integrasjonar er ivaretekne
  • Godt pedagogisk innhald som hjelper deg med å fornye og forbetre undervisningsopplegget ditt

Få full kontroll

Med nye Learnlab vil du bruke mindre tid på å finne fram og meir tid på sjølve undervisninga.
Verktøya heng naturleg saman, og du vil få ei kjensle av kontroll og oversikt.
Dialogen med elevane flyt betre fordi deltaking, innspel og innleveringar blir ein del av heilskapen.
Du får god innsikt i kva elevane har bidrege med og korleis dei utviklar seg over tid.
Kunstig intelligens er bygd inn for å gi deg støtte i planlegging, tilbakemelding og vurdering.
Men du har alltid full kontroll og kan velje å overstyre forslaga du får.

Book ein demo

Kva er MYLAB?

Mylab er Learnlab sitt verktøy for dei som ønskjer å lage strukturerte læringsopplegg. Du byrjar med å opprette eit kurs, og

derfrå kan du planleggje undervisning, lage læringsstigar, tildele oppgåver og vurdere elevane sin progresjon.

Verktøyet hjelper deg med å handtere heile læringsprosessen, med støtte frå kunstig intelligens.

Les meir om Mylab

Ønskjer du tilgang, kurs eller demo?

Ta kontakt