Mylab

Ei trygg læringsplattform som gjer vurdering enklare og meir læringsfremjande.

Mylab – for dei som skal lære bort

Set opp kurs, organiser læringsstigar og modular, legg til aktivitetar og læringsinnhald, og følg deltakarane sin progresjon. Alt samla i eitt trygt og brukarvennleg system. Mylab er eit sikkert system som gjer vurdering enklare og meir læringsfremjande. Med KI-støtte får du hjelp til formativ vurdering, utan at det erstattar di faglege vurdering.

Du kan:

  • Opprette og strukturere kurs og læringsløp
  • Byggje modular manuelt, med KI-støtte eller velje frå eit stort utval av Learnlab-innhald
  • Tilpasse innhald til ulike behov og nivå
  • Følgje aktivitet, deltaking og progresjon
  • Gi løpande, KI-støtta tilbakemelding

Mylab – for dei som skal lære

Det same verktøyet, tilpassa deltakarane sine behov. Deltakarane får ei tydeleg oversikt over kursa sine og kan jobbe strukturert med læringsinnhald, aktivitetar og oppgåver. Alt er organisert i ein tydeleg læringsstig som gjer det enkelt å vite kva ein skal gjere, og kva ein har oppnådd.

Dei kan:

  • Utforske læringsaktivitetar
  • Delta aktivt gjennom ulike arbeidsformer (tekst, samarbeid, kreative oppgåver m.m.)
  • Levere arbeid og følgje eigen progresjon
  • Motta og bruke tilbakemeldingar over tid
  • Kommunisere med fasilitator og andre deltakarar

Ofte stillede spørgsmål

Lær korleis du brukar Learnlab!

Learnlab Academy er ein plattform der du kan utforske Learnlab og det pedagogiske rammeverket bak. Opplæringa vår er utforma for å hjelpe deg å forstå korleis du kan bruke Learnlab-verktøya, og korleis KI kan støtte undervisning og læring.

Kom i gang med Learnlab Academy

Fann du ikkje det du leita etter?

Kontakt oss på support@learnlab.net eller ring +47 221 20 06