Denne lisensen er utvikla for organisasjonar som ønskjer å samle læring, kompetanseutvikling, datainnsamling og samarbeid i éi plattform.
Løysinga gjer det mogleg å utvikle og distribuere læringsinnhald, kartleggje kompetanse, gjennomføre undersøkingar og involvere medarbeidarar i møte og læringsprosessar. Data og aktivitet kan analyserast fortløpande, slik at organisasjonen får betre innsikt i behov, utvikling og effekt.
Denne omfattande lisensen inkluderer:
Pris frå: 99 000 NOK
Prisen er avhengig av talet på brukarar og behova til organisasjonen.
Læring og meistring, høge forventningar, tidleg oppdaging av behov, tilpassing utan å senke ambisjonane, progresjon i sanntid og betre innsikt for lærarar, leiarar og kommunen.
Den komplette Learnlab-lisensen samlar verktøya skular og kommunar treng for å styrkje læring, meistring, kompetanseutvikling og skuleutvikling.
Målet er ikkje berre å tilpasse undervisninga, men å sikre at alle elevar får passande utfordringar, opplever progresjon og får høve til å utvikle potensialet sitt. Learnlab gir læraren innsikt i læringa til elevane undervegs og gjer det enklare å oppdage kven som treng støtte, kven som treng større utfordringar – og om tiltaka faktisk verkar.
Samtidig får skuleleiarar og kommunar eit betre kunnskapsgrunnlag for å utvikle undervisning, kompetanse og praksis på tvers av skular og tenester.
Alt-i-eitt-tilgang for elevar, lærarar, skuleleiarar og oppvekstsektoren.
Inkludert i skulelisensen:
Få ei komplett plattform som koplar saman undervisning, vurdering, læringsanalyse, kompetanseutvikling og skuleutvikling – slik at læraren får betre støtte til å hjelpe kvar elev vidare, og skulen og kommunen kan sjå om innsatsen faktisk gir betre læring og meistring.
Pris: 100 NOK per elev
Til bedrifter sel vi ei samla plattform for opplæring, kompetanseutvikling og dokumentasjon av læringsresultat, med følgjande løysingar:
Pris på førespurnad.