DIGITAL LÆREMIDDELPAKKE SAMISK

I LearnLab finn du ressursar på lulesamisk, nordsamisk og sørsamisk, frå 1.trinn i barneskulen til den videregåande skulen.

LearnLabs digitale læremiddel tek utgangspunkt i dei samiske kompetansemåla i læreplanen. Undervisningsopplegga fokuserar på samanhengar i faget og mellom kjerneelementa, tverrfaglege tema, sentrale samiskfaglege omgrep og intensjonene i overordna del.

Læremidlane er utvikla gjennom desse prosjekta:

Læremiddelpakkene kan bestillast av enkeltskuler eller kommunar. Dei kan kjøpast kvar for seg eller samla. Pris er avhengig av storleiken på kommunen/skulen. Ta kontakt for pristilbod.

Meir om prosjekta:

LearnLab – identitet, sjølvbilete og kultur (LearnLab ISK)

LearnLab – identitet, sjølvbilete og kultur (LearnLab ISK) skal synleggjere omgrepa identitet, sjølvbilete og kultur. Læremiddelet er utvikla i samarbeid med kommunane Hamarøy, Kautokeino og Snåsa, samt dei samiske videregåande skulene i Karasjok og Kautokeino. Her finn du oppgåver og simuleringar som gjer at elevane kan kjenne igjen og settje ord på omgrep som mobbing, rus, seksualitet, trakassering og vald. Opplæringa bidreg til å skape forståing for omgrepa og førebyggje slike hendingar.

 

LearnLab med røter og venger 5. -10. trinn

Undervisningsopplegga tek utgangspunkt i korleis dei samiske skulene brukar tradisjon og kultur i undervisninga. Her er dømer på ulike tilnærmingar der undervisning som foregår ute, kan vidareførast inne i klasserommet.

Døma har overføringsverdi til alle norske kommunar som vil synleggjere røtene, det grunnleggjande kommunen er tufta på. I vår digitale tid har det stor verdi å styrke identitet og brygskap ved å fokusere på kulturen og røtene våre.

Det gjev elevane eit flott utgangspunkt for å velje ein utdanning som kanskje tek dei tilbake til heimstaden.

LearnLab samfunnsfag 5.-10. trinn

I læreplanen for samfunnsfag samisk seiast det at fagets relevans og sentrale verdiar er knytta til at elevane skal bli deltakande, engasjerte og kritisk tenkjande medborgare, der elevane ser samanhengar mellom individuelle val, samfunnsstrukturar og naturens tålegrense.
Læremiddelet legg opp til prosessar der elevane snakkar saman og aktivt brukar samfunnsfaglege omgrepa på samisk for på den måten å auke dykkar interesse for å delta i sentrale samfunnsdiskusjonar, både i Noreg og Sápmi/Sábme/Saepmie. Ved at elevane arbeidar med oppgåver der dei kan nytte desse omgrepa også i det munnlege språket, bidreg det til at elevane blir sikre på koreleis dei skal bruke omgrepa. Då er mogelegheitane for djuptgåande læring til stede.


Faget er delt opp med utgangspunkt i kjerneelementa, og i forhold til følgjande overordna omgrep:
– Historie
– Demokrati
– Levekår
– Relasjon og identitet
– Arbeidsliv og økonomi
– Kritisk tenkjing


Dømer på serier med læringsressursar innanfor desse omgrepa: krigen i nord, fornorskninga, kystkultur i eit historisk perspektiv, Sápmi (geografisk inndeling, identitetsmarkørar, kulturuttrykk, næringspolitikk, politisk representasjon og medverknand), Stortingsval og Sametingsval, grenseskilje, virus og pandemier mm.

Learnlab nordsamisk som førstespråk 10. trinn

I læreplanen i samisk som førstespråk står det at faget skal ta utgangspunkt i elevanes bakgrunn, i samisk kultur og samiske verdiar som blant anna tradisjonell kunnskap, slekts- og familierelasjonar og områdetilhøyr. Samisk som førstespråk er sentralt for kommunikasjon, danning, kulturforståing og identitetsutvikling. I dette læremiddelet er det oppgåver og simuleringar som gjer at elevane kan kjenne igjen og settje ord på sentrale omgrep og verdiar i det samiske og det norske samfunnet, som menneskeverd, demokrati, likeverd, fellesskap og mangfald.

Kunnskap og medvit om samisk språk, forteljartradisjonar og kultur, bidreg til at elevane kan bruke sin fleirkulturelle kompetanse i ulike samiske, nasjonale, internasjonale og urfolkssamanhengar.

Læremiddelet legg opp til prosessar der elevane snakkar saman og aktivt brukar samiske omgrep, ord og uttrykk for å byggje forståing og gjere dei til tryggje og bevisste språkbrukare.

Faget er delt opp i forhold til innhald i kjerneelementa:
– Språk og språkleg mangfald
– Kreativ bruk av språket
– Kritisk lesning
– Litteratur og leseglede
– Læringsstrategiar

Dømer på serier: språk og identitet, myter og folketru, kritisk lesning- retorikk, grammatikk, sjanger-

Metodikk: Temaa er oppdelt i ferdige undervisningsopplegg tilpassa ein eller fleire timer. Opplegga har noko ulik metodikk, alt etter tema. Hovudintensjonen er at elevane saman reflekterar seg fram til svar. Desse gjennomgås i klassen, og målet er å gå i djupna og arbeide vidare med elevsvar innanfor.