Storylab Brukarrettleiing

Storylab logo

Ofte stilte spørsmål

Storylab er eit verktøy for multimodale tekstar, der du kan skape og publisere interaktive historier.

Learnlab har utvikla Storylab for å gi eleven eit effektivt verktøy der ein kan kombinere skrift med andre uttrykksformer. Storylab gir tilgang til millionar av opne ressursar i form av bilete, symbol og videoar. Elevane arbeider med tekst, figurar, lyd, bilete og video og skapar eigne digitale bøker.

Du vel eit format på den digitale boka du vil lage, og kan fylle den med bilete, tekst, video, symbol og lyd, akkurat slik du vil. Du kan flytte rundt på det du vil ha på kvar side. Sidetalet er uavgrensa.

I Storylab finn du eit ressursbibliotek med millionar av bilete, videoar og symbol der bruksrett er avklart. Søk i biblioteket er enkelt, og er sortert ut frå omgrep i LK20. Du kan også laste opp eigne lydar, videoar, symbol og bilete.

I StoryLab kan ein jobbe individuelt eller fleire kan samarbeide.

Du legg inn bilete på ei side ved å bruke menyen til venstre og trykke på bilete. Du kan søke i bileta i Storylab og velje ut frå kategoriane, eller laste opp eit eige bilete.

Du velje eigne bilete frå eininga di, eller du kan kopiere eit bilete frå nett og lime inn i opplastingsvindauget. Du limer inn bilete ved å trykke CTRL + V.

Du kan velje ein eller fleire medforfattarar i Storylab. Då kan de jobbe saman, og redigere i same bok.

Du vel kven som skal vere medforfattar(ar) i oversikta over dine Storylabar. Trykk på dei tre prikkane oppe til høgre på laben du vil samarbeide om, og vel medforfattar. Du kan velje mellom både kollegaer og elevar.

Ved å dele ein kopi, får dei du delar med ein eigen versjon av Storylaben som dei kan endre og jobbe med.

Dersom du vil dele ein kopi av ein Storylab med kollegaer eller elevane dine, gjer du dette i oversikta over dine Storylabar. Trykk på dei tre prikkane oppe til høgre på Storylaben du vil dele, og vel del ein kopi. Då får du opp eit felt der du kan velje kva for brukarar du vil dele med. Du får kun opp kollegaer, og dine elevar, på din arbeidsplass.

Storylab er kun tilgjengeleg for brukarar med ein lisensavtale. Dersom din arbeidsplass har lisens, og du likevel får denne meldinga, må du kontakte support. Legg ved brukarnamn og påloggingsmetode.

Finn du ikkje svar på det du leitar etter?

Kontakt oss via e-post eller skriv til oss på vår Facebook-side