Nytt design på LearnLab.net

Share This Post

Med nye verktøy, nye kurs- og opplæringstilbod, nytt innhald og eit aukande antal brukarar er vi glade for å kunngjere at vi relanserar nettsida vår. Vi har valt å endre designet på LearnLab.net for å gjere det enklare for deg å finne både læringsverktøy, digitale ressursar, og informasjoner du leitar etter.

Enklare å finne fram i LearnLabs digitale verktøy

Vi relanserar nettsida LearnLab.net slik at det blir enklare å få oversikt over kva vi driv med og kva vi kan tilby skuler, kommunar, og organisasjonar. Den nye nettsida gjer det enklare å navigere mellom:

To nye læringsverktøy

Denne hausten lanserte vi to nye læringsverktøy: StoryLab og MyLab

MyLab er eit administrasjonsverktøy som gjer det mogeleg å delegere oppgåver, kommunisere med elevar, og foreta formative vurderingar.

Frå LearnLab til CoLab

Med to nye digitale læringsverktøy i LearnLab universet har vi føretatt ei namneendring for å gjere det enklare å skilje mellom ulike læringsverktøy. Samarbeidsverktøyet du kjennar som LeranLab har fått eit nytt namn: CoLab. Du vil fortsatt finne dei digitale ressursane du har lagra under “Mine labs” i CoLab.

Komplett økosystem

Frå 2021 vil LearnLab universet bestå av eit komplett økosystem med digitale verktøy: CoLab, StoryLab, og MyLab som allereie eksisterar – i tillegg til IdeaLab og EnquiryLab som lanserast i 2021. På forsida til LearnLab finn du no tilgang til alle dei lanserte verktøya, i tillegg til undersidar med skildringar av dei ulike verktøya og korleis dei kan brukast.

LearnLabs digitale innhald

Her finn du ei oversikt over dei lisensierte digitale ressursane LearnLab tilbyr og skildringar av desse. Les meir her

Oversikt over LearnLabs kurs- og opplæringstilbod

På den nye nettsida vår finn du også ein underside for våre tilbod om kurs og opplæring, med ein skildring av kva vi tilbyr skular, kommunar, og organisasjonar. Her får du oversikt over vårt brede tilbod innan opplæring, råd, oppfølging og support. Les meir her

Har du tilbakemeldingar på den nye nettsida vår? Vi hadde satt pris på å høyre frå deg! Send ein epost til learnlab@learnlab.net

More To Explore

Digitale ressursar for fjernundervsining

Med LearnLabs digitale læringsverktøy kan lærarar leggje til rette for god heimeundervisning, og samstundes arbeide vidare med sentrale omgrep i Fagfornyinga. LearnLab vil leggje ut