Det digitale klasserommet

Share This Post

Etter fleire års arbeid med digital utvikling i skulen har eg sjølv sett store endringar og fått mange tilbakemeldingar, både frå elevar og lærarar, om korleis digitaliseringen endrar skulekvardagen dykkar. Når ein innførar eit digitalt verktøy, skjer det noko med heile strukturen i klasserommet. Kva er det som gjer dette, og kvifor?

This image has an empty alt attribute; its file name is digital_classroom.png

I alle år har skulen vore ein stad der ein har fått overført kunnskap frå lærar til elev, med ulik grad av suksess. Vanlegvis er det dei same elevane som tek ordet og har ein fast fagsamtale med læraren. Er det mogeleg å endre på dette og gje elevane større ansvar for å finne og presentere den informasjonen dei finn? På den måten vil ein kunne gje elevane større eigarskap til – og motivasjon for – det dei skal lære. Dei må sjølv finne riktig kjelde og tenkje kritisk over kva kjelder og nettsidar dei søkjer på. Elevane må lære seg å argumentere for og imot kvifor det er slik og samanlikne fleire sidar av ein sak.

Når elevane samarbeidar, hjelper kvarandre og delar med andre elevar, skapar det stort engasjement. Dei digitale ferdigheitene er allereie gode hos elevane, nokre gonger betre enn hos læraren. Mange elevar opplever meistring på ein heilt anna måte enn tidlegare når dei nyttar digitale verktøy.

Det digitaliserte klasserommet krev ofte ei endring i lærarens undervisningsmetodar, og ein må ofte lause opp på den «normale» klasseromsstrukturen. Å gje elevane opne oppgåver og større fridom til korleis ein kjem fram til svaret kan opplevast som vanskeleg. Både elevanes og lærarens rolle er i endring. Korleis kan ein tilretteleggje for ein betre forståing og større læringsutbytte hos eleven? Det krev at læraren går meir over i rollen som rettleiar og tilrettelegg for elevane, slik at elevane sjølv blir produsenten i eigen læringsprosess.

Andre gevinstar som kjem med digitalisering er mogelegheitane for tverrfaglege oppgåver som legg til rette for djuptgåande læring. Det gjev også fleire mogelegheiter for å tilpasse undervisninga. Dette er noko elevar som har behov for noko ekstra tjenar mykje på, sidan dei har fleire mogelegheitar til å meistre saman med sine medelevar. Ei slik tilnærming kan igjen bidra til at alle elevar i enda større grad blir inkludert i klassefellesskapet.

Frode Solsvik, Leiar for Digital Læring i LearnLab

More To Explore